Av André Eidsnes, a-eidsnes@hotmail.com
Rettleiar: Bente Brathetland
Samandrag
Historiemedvit er eit
omgrep som fått ei sentral rolle i samfunnsfaget i LK06. Denne masteroppgåva
ser nærare på kva som kjenneteiknar omgrepet, og korleis to ulike
læremiddeltypar legg til rette for at elevane skal utvikle historiemedvitet
sitt. Oppgåva ser såleis nærare på den utvikla delen av einskildpersonar sitt
historiemedvit.
Teorigrunnlaget for
oppgåva er basert på innhaldet nordiske historiedidaktikarar gjev omgrepet. Dei
mest sentral forfattarane for denne oppgåva er Erik Lund, Svein Ola Stugu, Jan
Bjarne Bøe, Harald Frode Skram og Robert Strandling. Karl-Ernst Jeismann bør
også nemnast då eg byggjer oppgåva på hans definisjon av historiemedvit.
Kjeldematerialet for
oppgåva er seks lærebøker frå 6. og 9. trinn, samt 9 av TV2 skole sine filmar.
I læremidla på 6. trinn har eg studert tekstane og filmane som presenterer
vikingtida, medan læremidla på 9. trinn har eg sett på tekstane og filmane som
presenterer den andre verdskrigen. Eg nyttar ei tekstanalyse for å analyserer
innhaldet til dei utvalde delane av læremilda som byggjer på litteraturen som skildrar
omgrepet.
Ved å analysere
kjeldematerialet fant eg fleire interessante funn. Eg viser korleis dei
forskjellige læremidla nyttar ulike strategiar for å leggje til rette for å
utvikle historiemedvitet. Oppgåva seier også noko om korleis læreplanen påverkar
utforminga av lærebøker. Det kjem også fram at ulike læremiddel som tek opp det
same temaet gjerne kan fungere supplerande til kvarandre i
undervisingssamanheng. Ved at denne oppgåva studerer to læremiddel si rolle i
utviklinga av historiemedvitet, kan den setjast i samanheng med to andre
studiar av Ketil Knutsen og Christian Paulssen som viser korleis lærarar og
ungdom ikkje har eit reflektert forhold til historiemedvit.