tirsdag 3. juni 2014

Norske aviser si framstilling av demokratiutvikling og menneskerettar i Midtausten før og etter den arabiske våren

Av Sandra H. Valskog, sandra.valskog@gmail.com,
Rettleiar: Karl Egil Johansen

Samandrag 

Utgangspunktet for denne masteroppgåva har vore følgjande problemstilling: Korleis har norske aviser framstilt demokratiutvikling og menneskerettar i Midtausten før og etter den arabiske våren? Kva er blitt mest vektlagt og kva haldningar har prega dei norske avisene? Denne vide problemstillinga er bakover i tid avgrensa til år 2000, slik at den fyrste perioden går frå 2000 til starten av den arabiske våren 17. desember 2010, og den andre perioden fram til utgangen av 2013. Grunnlaget for analysen er leiar- og kommentarartiklar, i alt 148 artiklar, i fire aviser:  Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen og Klassekampen. Artiklane er henta frå databasen a-tekst, og fokuset har vore på fire land: Syria, Egypt, Saudi-Arabia og Libya.

I undersøkinga har det vore nytta både kvantitativ og kvalitativ analyse, den siste i form av dokumentanalyse. Målet med den kvantitative analysen har vore å få fram omfanget, kor mykje og kva tema avisene skriv om, og i kva grad dette har endra seg i dei to periodane. Den kvalitative analysen går meir på kva haldningar som har prega avisene si framstilling av det som går på menneskerettar og demokratiutvikling i dei utvalde fire landa før og etter den arabiske våren. I denne analysen er både bruken av ord og omgrep, bilete og metaforar viktig.

Resultatet viser at avisene, med eit visst unntak for Aftenposten, hadde lite fokus på det som her er tema, demokratiutvikling og menneskerettar, fram til 2010.  Etter den arabiske våren auka talet på artiklar sterkt. Det gjaldt fyrst og fremst artiklar som gjekk på statsleiarane og det politiske systemet. Språkbruken endra seg også, med meir bruk av negativ ladda ord som diktator. Mange av vurderingane var prega av eit utprega vestleg perspektiv.

Andre og stadig vedvarande problem som meinings- og ytringsfridom, etniske og religiøse minoritetar og kvinnene si stilling, vart det skrive mykje mindre om. Dette gjaldt særleg den fyrste perioden (2000–2010), men også den andre.  Utan oppsiktsvekkjande, ofte valdelege, hendingar har avisene brukt lite spalteplass på slike tema. Den siste tida kan interessa jamvel synest dalane, med unntak av den enno pågåande borgarkrigen i Syria. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar