torsdag 25. april 2013

Haldningar til Midtausten


Temaet eg skal sjå nærare på er demokratiutvikling og menneskerettar i Midtausten. I masteroppgåva skal eg undersøkje om norske holdningar, slik dei kjem til utrykk i aviser, har forandra seg frå før og etter den arabiske våren. Problemstillinga eg ynskjer å gje svar på er føljande: Korleis har norske avisar sine haldingar til demokratiutvikling og menneskeretter i Midtausten endra seg frå før og etter den arabiske våren i 2010?

Det finnas mange versjonar og variantar av kva Midtausten inneber som geografisk område. Mange avgrensar området til dei arabiske landa Marokko, Algerie, Tunisia, Libya, Egypt, Saudi-Arabia, Jemen, Oman, Dei foreina arabiske Emirata (Emirata), Qatar, Bahrain, Jordan, Irak, Syria og Libanon, dei palestinske områda Vestbredda og Gaza. Forutan Israel, Iran og Tyrkia (Selvik og Stenslie 2007:11f). Det er også denne definisjonen av Midtausten eg vil nytte i denne oppgåva.

For å gjøre ei avgrensing vil eg i all hovudsak fokusere på Egypt, Libya, Syria og Saudi-Arabia. Eg har valt Egypt fordi det er eit stor land i regionen, samtidig som den arabiske våren i landet har fått ein relativt stor plass i mediabilete i Noreg. Libya er eit land Noreg har vore ein bidragsytar (gjennom NATO) til å fjerne den då sittande regjeringa i 2011. Dette har også gjort at forandringane i landet og den arabiske våren har fått stor plass i norske mediar, spesielt i tida då Gaddafi var styrta. Syria er også eit land ein har høyrt mykje om i media etter den arabiske våren starta, i den seinare tida gjennom borgarkrigliknande tilstander. Saudi-Arabia er som Libya også ein oljenasjon. Det som skil Saudi-Arabia frå dei tre andre landa eg har valt er at den arabiske våren i liten grad har kome til landet. Utifrå vestlige verdiar er Saudi-Arabia prega av strenge og diskriminerande reglar i samfunnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar