fredag 19. april 2013

Rettferdig vurdering


Av Tormod Nakken Follesø

Vurdering er ein del av skulekvardagen til utallige elevar, både på ungdomsskulen og på den vidaregåande skulen. I denne kronikken skal eg ha ta for meg vurdering i form av karakterar, og diskutere om karaktergjevinga i dagens skule vert gjort på ei rettferdig måte. Vert elevanes rettigheitar om å bli dømt etter sine kunnskapar oppretthaldt?

Prøvar og innleveringar vert retta av læraren som underviser i faget. Dette gir fleire fordelar, blant anna at det er lettare å følgje opp eleven si læring, det er lettare å sjå kva progresjon eleven har gjennom året, og det gjer det mogleg å sette ei standpunktskarakter ved at ein får . Eit slikt system har sine klare fordelar, men eg vil hevde at det òg har sine ulempar. Den største ulempa kan være at det blir vanskeleg for læraren å bedømme heilt objektivt. Det vil alltid vera ei viss personleg meining i ei vurdering, noko som kan vera problematisk om læraren lar deira tankar og meiningar om eleven også blir vurdert i tillegg til elevens fagkunnskap.Det er ikkje uvanleg å høyre historier om elevar som føler at læraren misliker dei, og at dette har ført til lågare vurdering på prøvar og arbeid som eleven har gjort. Alle elevar skal bedømmast utifrå kva dei presterer på ei prøve, eller ei framføring, og vurderinga til læraren skal vera mest mogleg objektivt. I tillegg skal også elevane kunne føle seg trygg på at læraren ikkje gir karakter til eleven, men arbeidet.

I ei masteroppgåve levert ved Handelshøgskolen ved universitetet i Stavanger, ble det undersøkt korleis blant anna namn ville påverka vurdering. Ein svaroppgåve på ein deleksamen for vidaregåande elevar vart signert med ulike namn som skribentane opplevde som enten høgstatus eller lågstatus. Som høgstatus namn valte dei Alexander som gutenamn og Alexandra som jentenamn, mens namna som var rekna som lågstatus var Ronny og Jenny. Oppgåva vart altså signert med dei ulike namna, og gitt til eit tilfeldig utval som ble bedt om å vurdere oppgåva frå ein poengscore som gjekk frå 1 til 15.  I undersøkinga viste det seg at dei oppgåvene der namnet Alexander sto skrevet på, fekk høgare resultat enn dei som vart signert med Ronny. Av kvinnenamna skåra Alexandra høgare enn Jenny, mens begge kvinnenamna skåra betre enn menna. Sjølv om det var eit tilfeldig utval av personar, og ikkje faglærte lærarar som retta oppgåvene, så kan resultata likevel truleg overførast til situasjonen i skulen.

Om faktorar som namn og kjønn kan påverke vurderinga til lærarar, vil det vere svært problematisk. Elevar har rett på at dei skal verta vurdert utifrå deira kunnskapar, og i alle fall ikkje utifrå noko så trivielt som eit namn. Eg vil hevde at det trengst meir forsking på korleis lærarar vert påverka av sine eigne meiningar og tankar om den enkelte elev dei vurderar. Kanskje kan ein ha eit prøveprosjekt der ein innfører anonyme prøver? Som eg har nemnt tidlegare i teksten; både eg og fleire eg kjenner har følt seg dømt på feilaktige grunnlag på prøver. Hadde prøvane blitt levert med anonymt namn hadde no eg i alle fall følt meg meir trygg på at karakteren var rettferdig, og at den ikkje vert senka, eller heva, ved diskriminering eller favorisering.  

Visst små detaljar som namn og kjønn kan påverka vurdering, så kan det tenkjast at også andre oppfatningar av eleven vil gjere det. Vert eleven oppfatta som til dømes lat og uinteressert i faget, så vil det kunne  føre til ei dårlegare vurdering av eleven, då særleg i henhold til standpunktkarakter. På same måte vil eit godt inntrykk av ein elev kunne føre til ei betre vurdering, noko som heller ikkje er rettferdig. I ein undersøking utført av NIFU-STEP (Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) såg dei på korleis lærarar satt standpunktkarakter. Det dei fann var stor variasjon på korleis elevane vart bedømt. Slik det er nå så skal standpunktkarakteren settes ut ifrå elevens framgang i siste del av året som skal gjelde, og ikkje gjennomsnittet over året. Dette var det derimot ikkje alle skuler, eller lærarar som praktiserte. Nokon brukte gjennomsnittet gjennom heile året til vurderinga, noko som fører til at vurderinga korkje vert lik eller rettferdig for alle elevar. Undersøkinga trekkjer fram at uklare retningsliner gjorde at lærarane var usikre på kva som skulle leggast til grunn for standpunktskarakteren. Det vert meir opp til skjønn når karakteren skal settast. Når vurderinga er knytt opp til skjønn, og avhengig av læraren og deira oppfatning, kan ein då snakke om at alle elevar vert rettferdig vurdert?

Når skjønn er slik ein stor del av vurderinga tykkjer eg det er ei nødvendigheit med meir opplæring i vurdering på lærarhøgskuler. Til dags dato er det ikkje ein gong eit krav å ha utført ei einaste karaktervurdering i løpet av lærarutdanninga. I praksis vil ein ofte få tilbod om det, og eg har sjølv fått prøve meg på karaktervurdering i praksisskuler eg har vore på, men det er ikkje eit krav for å få fullført utdanninga. I tillegg praktiserast det ulikt på dei forskjellige praksisskulene, og det er ikkje alltid at elevane skal ha prøver når ein er i praksis. Ein kan dermed risikera å gå igjennom heile lærarutdanninga utan å få prøvd seg på det som er ein stor del av læraryrket. Sjølv om ein er så heldig å få delta i karaktergjeving på prøvar og framføringar i praksis, så er det lite diskutering rundt fastsetting av standpunktkarakter. På lærarhøgskulen er det lite undervisning om korleis ein skal setta standpunktskarakter, og det vert nok eit lite sjokk for mange lærarstudentar når dei kjem i sitt første arbeidsår. Det burde ha vore eit krav at framtidas lærarar fekk prøvd seg på karaktervurdering i løpet av utdanninga, eller i det minste fått meir undervisning om det. Korleis skal ein nyutdanna lærar klare å sette rettferdige karakterar for første gong? Sjølvsagt kan ein søkja rettleiing og tips frå dei meir erfarne lærarane på skulen ein har fått jobb på, og det er noko eg vil anbefale alle nyutdanna lærarar å gjera, men eg tykjar likevel det ville vore gunstig å ha fått opplæring i det på førehand.    

No skal det seiast at det er mykje bra undervisning om vurdering på høgskulen eg går på, men den tar i hovudsak for seg rettleiande vurdering og vurdering for å fremje læring. I enkle trekk kan det seiast at det går ut på korleis ein lærar skal hjelpe ein elev til å forbetra seg fagleg ved å komme med tilbakemeldingar og råd til forbetringar på elevens arbeid.  Denne typen vurdering vil eg hevde er den viktigaste, og det er flott at undervisninga på lærarhøgskulen har det som hovudfokus, men eg saknar likevel meir undervisning om karaktersetting.

Eg vil hevde at desse tiltaka ville kunne føre til ei meir rettferdig vurdering. Klarere retningslinjer på kva som skal verta bedømt ved standpunktsetting vil gjere at det ikkje vert store sprik mellom kva lærarar legger vekt på. Anonymiserte prøver vil kunne sikre at eleven ikkje blir vurdert på anna enn det leverte resultatet. Betre opplæring av lærarar vil føre til at vurderingskompetansen blant nyutdanna vert auka, og det vil føre til meir rettferdig og lærerik vurdering. Eg kan sjølvsagt ikkje vite om desse tiltaka vil ha ein positiv effekt før det er prøvd ut eller gjort meir forsking på, men det eg veit er at om elevar ikkje blir vurdert rettferdig, så er ikkje det godt nok. Elevane fortenar betre.
Kjelder:
 Engh, Knut Roar, & Dobson, Stephen. (2010). Vurdering for læring i fag. Kristiansand: Høyskoleforl.
 Prøitz, Tine Sophie, & Borgen, Jorunn Spord. (2010). Rettferdig Standpunktvurdering - det (u)muliges kunst?
 Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa §3-4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar